Ferjesamband innstilt resten måndagen

Publisert 11.12.2017 kl. 22.06. Oppdatert kl. 08.53.

Måndag kveld melde Fjord1 klokka 21.53 at ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes var mellombels innstilt grunna teknisk problem. 


Fjord1 følgde opp med ny melding like etter klokka 22 om at ferjesambandet var innstilt resten av kvelden. Sambandet startar opp att som normalt tysdag morgon.


Også natt til fredag var sambandet innstilt i fleire timar.


Les også: Fjord1-kviletid isolerte kommune på sørsida


Siste saker Gå til framsida