STARTAR ARBEID TIL VÅREN: Røneidstunnelen er ein av tre tunnelar i Luster kommune som snart blir oppgradert. (Arkivfoto)

Fem leverte anbod på lustratunnelane

Gulen-firma med lågaste anbod på oppgraderingsarbeidet.

Publisert 08.02.2018 kl. 15.01. Oppdatert kl. 15.51.

Over 150 tunnelar i Statens vegvesen Region vest (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland) skal rustast opp fram mot 2025, for å oppfylla krava i Tunneltryggleiksforskrifta. Tre av desse, Røneidtunnelen, Råumtunnelen og Ottatunnelen, ligg i Luster kommune.

Ottatunnelen og Råumtunnelen på fv. 55 mellom Gaupne og Skjolden skal mellom anna få nytt lys og ny tryggleiksutrusting. Den 650 meter lange Røneidtunnelen frå 1978 skal i tillegg utvidast, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet i tunnelane skulle eigentleg ha teke til hausten 2017, men vart utsett då alle anboda som kom inn i fjor haust vart avviste. Grunnen var manglande dokumentasjon på kompetanse. Det vart lyst ut ein ny anbodsrunde, og i dag vart anboda opna. Desse har levert anbod:

AS Birkeland Entreprenørforretning: 88 471 362,00
Implenia AS: 89 444 232,55
Mesta AS: 89 863 923,52
BMO Entreprenør AS: 95 037 052,69
Norsk Bergsikring: 95 645 276,90

Det lågaste anbodet kom frå AS Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen, som for tida mellom anna arbeidar med oppgradering av Masfjordtunnelen på E39.


Arbeid dag og natt

- Me er godt nøgde med responsen, og ser fram til å komma i gang med arbeidet, seier Sveinung Hovland i pressemeldinga.


Han er prosjektleiar for oppgraderinga av tunnelar på fylkesvegane i Sogn og Fjordane.


No skal Vegvesenet gå over anboda, og skriva kontrakt med entreprenør.


- Dato for oppstart vert truleg i månadsskiftet mars-april, fortel Hovland.


I Ottatunnelen og Råumtunnelen er det hovudsakleg utskifting av teknisk utstyr som står på planen, og her kjem det til å bli arbeid på dagtid. Sprengingsarbeidet i Røneidtunnelen krev at vegen blir stengd i periodar, og dette kjem difor til å gå føre seg på nattetid.