Fellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden

Publisert 21.07.2018 kl. 09.22.

Fylkesmannen har gjeve Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag løyve til felling av ein skadegjerande ulv. Det er knytt fleire vilkår til fellingsløyvet.


«Bakgrunnen for fellingsløyvet er funn av eitt lam i Guddalen der Statens naturoppsyn har konkludert med at det er ulv som er skadegjerar. Fylkesmannen ser funnet i samanheng med tilfella av ulveskadar i Naustdal for to veker sidan. Det er stort skadepotensiale i området som har om lag 7800 småfe på beite, og det er framleis lenge att av beitesesongen», skriv Fylkesmannen..


Skadefellingsområdet er avgrensa til området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden, avgrensa mot aust av E39 og elva Gaula.


«Skadefellingsområdet femnar med det om kommunane Fjaler og Hyllestad, og delar av Gaular og Høyanger. Fylkesmannen kan endre avgrensinga raskt om vidare skadeutvikling gjer det naudsynt. Løyvet er i gjeldande frå 20.juli, og til og med 26.juli kl 22. Fylkesfellingslaget er ansvarleg for å sette i gang og administrere fellingsløyvet.», skriv Fylkesmannen.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida