- Erfaring viser at første halvdel av året er den mest populære tida for vraking av bilar, seier Kjell Vindvik i Skatteetaten. (Illustrasjonsfoto)

Fekk utbetalt over 10 millionar i vrakpant

Folk i Sogn og Fjordane fekk i 2016 utbetalt over 10 millionar kroner i vrakpant for 3.541 køyretøy.

Publisert 16.02.2017 kl. 11.02.
I første halvår av 2016 blei 2.094 køyretøy i Sogn og Fjordane avskilta, medan det andre halvår var 1447 køyretøy.

Godkjend varkplass

- Erfaring viser at første halvdel av året er den mest populære tida for vraking av bilar. Dette har nok samanheng med at alle bilar som vert vraka innan 20. mars ikkje må betala årsavgift, seier Kjell Vindvik, seniorrådgivar for vektårsavgift og vrakpant i Skatteetaten.

I 2016 blei det utbetalt 419 millionar kroner i vrakpant for nær 140 000 køyretøy her i landet, opplyser Skatteetaten, som har teke over ansvaret for utbetaling av vrakpant frå Tolletaten.

Når du vrakar bilen din på ein godkjend vrakplass, vil Skatteetaten automatisk utbetale vrakpanten på 3.000 kroner. Avhengig av kva dag bilen blir levert til vraking, vil det ta ei til tre veker før pengane er på konto, vert det opplyst frå Skatteetaten.

- Ta vare på vrakmeldinga du får. Dette er din dokumentasjon på at du har levert køyretøyet på ein godkjend vrakplass, seier Vindvik.


Liten nedgang

I 2016 var det køyretøyeigarane i Akershus som vraka flest bilar med eit tal på 13.742, mens folk i Finnmark vraka færrast med 2.095 bilar. Samanlikna med 2015 er dette likevel ein auke for Finnmark på nærare 20 prosent, medan det for Akershus er ein nedgang på sju prosent.


- På landsbasis ser me ein marginal nedgang på talet vrakingar dersom me samanliknar tal for 2015 og 2016, noko som er normale svingningar frå år til år, seier Vindvik.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida