SAMANSTØYT: Fleire bilar køyrde i kvarandre ved krysset Røysavegen/Ohnstadhaugen i Leikanger onsdag morgon. Foto: Håvard Nesbø)

Fekk problem på glatta

Snøfokk og glatt veg skapte vanskeleg køyreforhold onsdag morgon.

Publisert 22.11.2017 kl. 10.05. Oppdatert kl. 11.15.

Fleire bilar støytte saman ved krysset Røysavegen/Ohnstadhaugen i Leikanger onsdag morgon. Uhellet skjedde litt før klokka 08.45. Ifølgje folk på staden var det svært glatt, med ei ishinne under nysnøen. Redningsbil vart tilkalla, men det skal ikkje ha vore personskade og ingen var køyretøya skal ha fått større skadar i samanstøyten.


På riksveg 5 i Lundebakken i Jølster melder politiet at eit vogntog har stogga og står heilt ute på sida av køyrefeltet. Vogntoget var på veg i retning Sogndal. Politiet er på veg til staden, vert det opplyst klokka 09.45. Klokka 10.44 opplyser politiet at patrulen er på staden. Ein bergingsbil for tunge køyretøy vert send frå Sogn. Vogntoget er dårlegg skodd for føret, oppyser politiet. Det er manuell dirigering på staden.


Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen opplyser at dei ikkje har fått noko særleg telefonar i morgontimane.


- Folk verkar å ha vore budde på det dei møter, seier han.


Det er meldt mykje nedbør frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag og mildvêr. Det skal også bli mykje vind.


- Det kan bli ein stri overgangsperiode. Det vil bli glatt og vanskelege køyreforhold, seier Erikstad.


 


 


Siste saker Gå til framsida