Fekk kontakt med syklist i forsvinningssak

Syklisten meldte seg raskt.

Publisert 18.10.2017 kl. 18.29. Oppdatert kl. 22.04.

Politiet har onsdag fått kontakt med ein av personane dei søkte etter i samband med forsvinningssaka til Christer Fretheim Flem.


Det var syklisten politiet ville ha kontakt med som meldte seg, som NRK meldte først onsdag ettermiddag. 


- Han tok kontakt i dag, men me har ikkje fått noko ny informasjon av verdi, seier einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt, Arne Johannessen.


Etter at saka var tema i tv-programmet Åsted Norge, gjekk politiet ut og etterlyste ein syklist og ein førar av ein Audi. Dei var begge på Haukåsen rundt den tida Flem forsvann.


Audi-føraren har politiet enno ikkje fått kontakt med.


- Det er ikkje avklart kven det er, men me reknar med å få det avklart i løpet av torsdag, seier Johannessen. 


Politiet skal no gå gjennom heile saka på nytt for å prøva å finna svar på kva som skjedde då Christer Fretheim Flem forsvann under ein tur ved Haukåsen i Sogndal i mai i fjor.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida