FEKK INNOVASJONSPRIS: Hybridbåten Vision of Fjords. (Foto: Arkiv)

Fekk innovasjonspris

Hybridbåten Vision of the Fjords har fått innovasjonsprisen for universell utforming.

Publisert 18.10.2017 kl. 19.00.

Det skriv Pressenytt.


- Dette er heilt fantastisk moro. Me har verkeleg satsa på universell utforming i heile byggjeprosessen. Prisen er eit bevis på at me har lukkast med målet vårt om å laga ein universell utforma båt for alle, sa ein stolt kaptein John Nauckhoff i The Fjords. Han tok imot prisen saman med verftet Brødrene Aa.


Inkluderande

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne delte ut prisen. Ho streka under at universelt utforma løysningar bidreg til inkludering.


- Dessutan viser forsking og analysar at universell utforming er samfunnsøkonomisk lønsamt. Innovasjonsprisen for universell utforming har gjeve oss ei rekkje døme på at universell utforming også kan vera økonomisk lønsamt for næringslivet, sa Horne i talen sin.


- Verdig vinnar

Programleiar Onny Eikhaug i Design og arkitektur Norge (DOGA) meiner Vision of the Fjords er ein verdig prisvinnar.


- Verftet Brødrene Aa har gjort universell utforming til eit konkurransefortrinn, og har i dag eit leiande kompetansemiljø både nasjonalt og internasjonalt. Dette bidreg til at dei kan skapa verdiar og arbeidsplassar - og ikkje minst unike båtar som er betre for alle passasjerar, seier Eikhaug til Pressenytt..


Siste saker Gå til framsida