Fekk du med deg denne? No kan du sjå filmen frå draumemøtet gratis

Johan Halset fekk ikkje high-five frå helten Kjetil Wæhler. I staden fekk han noko mykje betre. Sjå filmen om møtet mellom dei to.

Publisert 28.05.2018 kl. 08.00. Oppdatert kl. 11.04.

- Det blir veldig tydeleg her, at eg ikkje registrerte at Johan stod der. Slik er det i kampens hete, då får ein ikkje med seg alt, seier Kjetil Wæhler når han får sjå bileta frå då han takka tilhengjarane etter re-debuten for Sogndal mot Sandnes Ulf 6. mai.


Den populære midtstopparen delte ut klemmar og handtrykk til dei som stod i Saftkokar-seksjonen bak målet, men fekk ikkje med seg at Johan Halset (11) prøvde å sikra seg ein high-five frå sin store helt.


Draumemøte

Men ti dagar seinare fekk supersupporteren Johan, som er på alle heimekampane, eit solid plaster på såret.


Sogn Avis tok med seg Wæhler på overraskingsbesøk på Norane Oppvekstsenter, der 11-åringen fekk signert drakt og eit draumemøte med ein av sine fremste favorittspelarar.


- Eg blei overraska, og forstod ikkje kva som skulle skje. Det var meir enn eg kunne venta, og eg er veldig nøgd, seier Halset.


- Kva er det du likar med Wæhler?


- At han framleis spelar sjølv om han er 42 år, og at han er ein krigar på bana. Eg likar eigentleg alle Sogndal-spelarane, utanom dei som reiser til Brann, då. 


Plaster på såret

Halset, som elles er stor tilhengjar av Manchester United, omtalar hendinga etter kampen mot Sandnes Ulf slik:


- Eg tok fram handa, men det gjorde ikkje så mykje at han ikkje såg meg. Det er sånt som skjer, seier Halset, som kledde seg i den nysignerte drakta då Sogndal spelte heimekamp mot Åsane på onsdag.


- Betyr mykje for oss

Wæhler takka kjapt ja då han fekk spørsmål om å bli med på det vesle «stuntet» på Norane.


- Det var artig, og eit fint plaster på såret, sidan han ikkje fekk high-five. Då var det fint å gjera det på ein annan måte, seier 42-åringen, som køyrde ein ganske lang runde med autografskriv-ing til resten av elevane ved skulen etter at drakta var delt ut.


- Tilhengjarane betyr mykje for oss, og då er det viktig at me tek turen ut i nærområdet for å treffa dei. Viss me gjer det kan det føra til at fleire kjem til Fosshaugane for å støtta oss, seier han.


Supporter-favoritt

Den garva forsvarsspelaren er høgt akta hjå dei som har Sogndal i hjartet.


Leiaren i supporterklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth, forklarar det slik:


- Det er fordi han alltid gjev alt. Han er den som går framfor i krigen, som stuper inn med hovudet først og ikkje er redd for noko. Han spelar med hjarta utanpå drakta uansett motstandar, difor har han ei høg stjerne, seier Vadseth.


Siste saker Gå til framsida