Fatlatunnelen opna att etter stenging

Publisert 08.09.2018 kl. 10.01. Oppdatert kl. 10.26.

Fatlatunnelen på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger er stengt inntil vidare. Det opplyser Vegtrafikksentraklen klokka 09.50 lurdag føremiddag.


- Me fekk melding om at ein større plastbehaldar låg i vegbana og stengde tunnelen. Entreprenør er på veg for å rydda, og me reknar med at det vil ta frå rundt ein halvtime til tre kvarter før vegen kan opnast att, opplyser Marius Råve ved Vegtrafikksentralen.


Klokka 10.25 melde Vegtrafikksentralen av tunnelen var opna att.


Les meir om: Nyhende Notis Samferdsle

Siste saker Gå til framsida