SVERD: På Vatlestad i Øvstedalen fann arkeologane eit 90 cm langt einegga sverd. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fann sverd frå tidleg vikingtid

Arkeologar har funne sverd og det som truleg er spor av ein sjeldan bygningstype i Øvstedalen.

Publisert 20.01.2017 kl. 12.57. Oppdatert kl. 14.11.

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte arkeologiske registreringar i Øvstedalen i Sogndal hausten 2016. Det resulterte i fleire nye, spennande arkeologiske funn, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

STOLPEHOL: På Hagen fann arkeologane restar av ein rund 3x3 meter stor bygning. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Bronsealderen

Arkeologane fann omfattande førhistoriske dyrkingsspor i Fardal. Den eldste jordbruksfasen der er datert til 1410-1225 f.Kr, som svarer til eldre bronsealder. Det er ein av dei eldste jordbruksdateringane som er gjort i Sogndal.
 
- Dyrkingsspora i Fardal syner at Øvstedalen har hatt gode føresetnader for tidleg førhistorisk jordbruk, fortel arkeolog Glenn Heine Orkelbog.


Sjeldan bygning

Lenger oppe i dalen, på Hagen, fann arkeologane restar av ein rund 3x3 meter stor bygning. Bygningen består av seks rette stolpar kring ein sentral eldstad eller ei nedgraving. Bygningen er datert til 785-520 f.Kr, som svarer til yngre bronsealder. Bygningar av denne typen er sjeldne, og det finst fleire tolkingar av kva funksjon dei kan ha hatt, går det fram av pressemeldinga.
 
- Bygningen har truleg ikkje vore nytta som bustad, men kan ha vore ein mindre driftsbygning knytt til eit større tun. Alternativt kan stolpane ha inngått som del av ein gravmarkering, der nedgravinga i midten er sjølve grava, seier Orkelbog.


Sverd på Vatlestad

På Vatlestad fann arkeologane eit 90 cm langt einegga sverd. Sverdet kjem truleg frå ei mannsgrav frå tidleg vikingtid, omlag 800-talet e.Kr. Bladet er bøygd og knekt i tre delar. Det var ein del av gravskikken, som kan ha hatt rituell symbolverdi, men òg ha gjort det mindre attraktivt å plyndre grava, opplyser arkeologen.
 
Frå Øvstedalen kjenner ein til to jernvinneanlegg frå sein vikingtid og tidleg mellomalder. Anlegga syner at jernvinna har vore ein viktig tilleggsnæring i dalen i vikingtida. Vatlestadsverdet kan derfor vera eit godt og kortreist lokalprodukt, heiter det i pressemeldinga.

Dei arkeologiske registreringane vart gjennomførte i samband med planen for Fardalselvi kraftverk.


Les meir om: Nyhende Kultur Sogndal