MANGE DRUKNINGSULUKKER: Monica Rimestad, samfunnsansvarleg i Tryg Forsikring er svært uroa over at mange mistar livet i vatn. (Foto: Tryg Forsikring)

Etterlyser nasjonal dugnad mot drukning

Tryg Forsikring er svært uroa over at så mange døyr i drukning.

Publisert 14.08.2018 kl. 16.52. Oppdatert kl. 16.53.

42 personar har drukna i Noreg sidan 1. mai i år. 


I juli drukna 16 personar, ei auke på 45 prosent samanlikna med fjoråret. 13 drukna i samband med bading og aldri før har så mange drukna på denne måten, viser ferske tal frå Redningsselskapet.


- Me er svært uroa over den negative utviklinga me no ser. Mange av drukningsulukkene som skjer i samband med bading kunne vore unngått og no treng me verkeleg ein nasjonal dugnad mot drukning. Me må få mykje større fokus på symjekunnskap, livredding og førebyggjande tiltak og informasjon der folk badar, seier Monica Rimestad, samfunnsansvarleg i Tryg Forsikring i ei pressemelding frå selskapet. 


3.000 nye livbøyer

Selskapet viser til at totalt har 68 personar omkome av drukning så langt i år. Det er ei auke på 39 prosent samanlikna med i fjor. 


I juli var det over 30 drukningsulukker der personen har overlevd, mellom desse var åtte barn. 


- Kvart år får me meldingar om at livbøyene har vore brukt når ulukka er ute og liv kunne gått tapt. Det viser at det nyttar å plassera ut livbøyer der ulukker kan skje. Tryg set ut vel 3.000 nye livbøyer årleg, men diverre forsvinn mange livbøyer ved at dei enten vert stolne eller tekne ned og slengt på bakken, seier Rimestad.


Etterlyser standard

Tryg skriv i pressemeldinga at dei har plassert ut over 44.000 livbøyer fordelt over heile landet. Dette er eit samfunnsansvar forsikringsselskapet har teke i mange tiår og som truleg har vore brukt i over tusen vellukka redningsaksjonar, skriv selskapet. 


Men no etterlyser dei nasjonale standardar. 


- Det manglar ofte informasjon om farlege straumforhold og mange stader er det tilrettelagt for bading utan at det fins noko sikkerheitsutstyr der. Det burde vore eit krav om sikkerheitsutstyr og publikumsinformasjon på stader som er tilrettelagde for bading, seier Rimestad. 


Støypte i Ålesund

Dei første Tryg- bøyene vart plasserte ut i 1952 og no er det over 44.000 bøyer som skal minna folk om å vera litt ekstra på vakt i vasskanten og eit teikn på at hjelpa er nær dersom ulukka skulle vera ute. 


Livbøyene vert støypte av firmaet Polyform i Ålesund. Grønneviken Industrier i Bergen legg maling og siste finpuss. Grønneviken er ei veksbedrift for varig tilrettelagde arbeidsplassar og praksisplassar for menneske som har stått lenge utanfor arbeidslivet. 


Ofte er det kommunar og lokale hamnemyndigheiter som har tilsyn med bøyene. Mange velforeiningar, marinaer og grendelag har også engasjert seg for å gjera nærmiljøet tryggare og blitt fadderar for ei Tryg-bøye, melder forsikringsselskapet. 


Les meir om: Nyhende Natur og miljø Ung

Siste saker Gå til framsida