Etterforskar skadeverk på skule

Publisert 13.08.2017 kl. 09.08.

Det har igjen vore skadeverk ved Luster ungdomsskule i Gaupne. Politiet opplyste på Twitter klokka 00.31 natt til søndag at dei reiste til staden.


Skulen har hatt skadeverk i helga og har vore plaga med det tidlegare, opplyser politiet.


Saka vert meld til politiet av skuleleiinga og lensmannskontoret vil følgja opp saka.


 


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida