BESØK: Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug synte statsminister Erna Solberg rundt i produksjonslokala til Lerum på Kaupanger. (Foto: Sigrid Nese)

Erna ville vitja Lerum

Erna Solberg fekk omvising på Lerum.

Publisert 10.01.2017 kl. 14.54. Oppdatert kl. 15.06.

Statsministeren starta rundturen sin i Sogn og Fjordane med eit besøk på Lerum sine lokale på Kaupanger tysdag føremiddag.

EIGE YNSKJE: Statsminister Erna Solberg hadde sjølv kome med ynskje om å vitja Lerum. (Foto: Sigrid Nese)

Viktig verksemd

I over 100 år har familiebedrifta Lerum produsert saft og syltetøy basert på norske råvarer. Under besøket fekk statsministeren fekk møta 3. 4. og 5. generasjon Lerum. Ho fekk også omvising i produksjonslokala og på labben. Og statsministeren lét seg imponera og det ho såg.


- Det var fantastisk kjekt med besøk av statsministeren, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.


Les òg: Rema droppar Lerum syltetøy


Kjekt med besøk

Det var statsministeren sitt eige initiativ å leggja turen innom fabrikklokala. Nokre av dei tilsette fekk slå av ein liten prat med gjesten.


- Det gjer noko med dei tilsette å få slikt besøk, seier Lerum Hjellhaug.


- Kva snakka du og statsministeren om?


- Eg fortalde henne om investeringar me har gjort for å bli meir effektive. Me var også innom produktutvikling og viktigheiten av å behalda arbeidsplassar, seier Lerum Hjellhaug.


Etter besøket hasta statsministeren vidare til den offisielle opninga av høgskulen på Vestlandet.


Les meir om: Nyhende Næringsliv Sogndal

Siste saker Gå til framsida