ARBEID: Medan elektroinstallatørane tek over i Gudvangatunnelen, startar sprengingsarbeidet i Flenjatunnelen (biletet).

Endra kolonnetider i tunnelar

Sommarferien er over i Aurland, og denne veka starta tunneloppgraderingsarbeidet opp att for fullt.

Publisert 10.08.2018 kl. 10.18.

Medan elektroinstallatørane tek over i Gudvangatunnelen, startar sprengingsarbeidet i Flenjatunnelen. Sidan det no blir arbeid i begge tunnelane samtidig, må kolonnetidene endrast, skriv vegvesenet i ei pressemelding.


Ut september vil arbeidstidene vera frå kl. 22.00 til 06.00, søndag til fredag. I vinterhalvåret vil oppstarten bli flytt fram til kl. 20.00. På fredagar og søndagar går arbeidet mellom kl. 22.00 og 06.00 heile året.


Dei to tunnelane ligg rett etter kvarandre på E16, og trafikken vil difor bli dirigert i éin felles kolonne gjennom begge. Oppstilling av kolonnar blir i Flåm og i Gudvangen. Avstanden mellom dei to stadane er på om lag 20 km, og kolonnen vil bruka om lag 45 min. på strekninga. Sidan det berre kan køyrast kolonne i éi retning av gangen, vil det no bli litt lenger intervall mellom kolonnane.


Les meir om: Nyhende Aurland Trafikk

Siste saker Gå til framsida