OPPGRADERT: Høyangertunnelen har fått ei omfattande oppgradering. (Arkivfoto)

Endeleg fri ferdsel - men kan bli korte periodar med stenging

Etter meir enn to år med oppgraderingsarbeid og lange stengingsperiodar, er det no fri ferdsel i Høyangertunnelen.

Publisert 06.03.2018 kl. 11.01.

Torsdag var arbeidet som som gitt periodar med stenging i Høyangertunnelen, ferdig. Etter planen skulle det denne veka vera korte stengingsperiodar på inntil 15 minutt i samband med testing. Det har det ikkje vore behov for.


Meir testing

- Me har klart å testa utan å ha stengingar, så det er fri ferdsel i tunnelen denne veka, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen, og legg til at dei ikkje stengjer tunnelen når det ikkje er naudsynt.


Han opplyser at testinga i tunnelen vil gå føre seg ei tid framover.


- Me må også utføra testar når trafikken går. Det vil difor kunne bli stengt framover i inntil 15 minutt, men dette vil berre bli i enkelte periodar, seier Finden.


Han kan enno ikkje seia kor lang perioden med testing vil bli.


- Me må sjå korleis testane går.


- Godt resultat

Høyangertunnelen, som vart opna opp i 1982, er bindeleddet mellom Balestrand og Høyanger.

Sidan oppstarten av oppgraderingsarbeidet i november 2015 har lange stengingar vore realiteten og folk har måtta forholda seg til faste kolonnetider. Tunnelen skulle eigentleg vore ferdig renovert i desember 2017. 

Finden har tidlegare uttalt at grunnen til forseinkingane har vore at hovudentreprenøren har hatt forseinkingar knytt til leveransar og montering i tunnelen.

Arbeidet i tunnelen har mellom anna omfatta ny vass- og frostsikring, fjellsikring, nye nisjar i tunnelen, ny drenering og kalbar, nye vifter og nytt lysanlegg.

I tillegg vedtok fylkestinget å sikra naudnett til tunnelen. Ein vil også kunne få inn DAB-radio i den oppgraderte tunnelen.

- Resultatet er veldig bra. Høyangertunnelen er no ein god og sikker tunnel, i samsvar med sikkerheitsføreskriftene som gjeld, seier Finden.


Siste saker Gå til framsida