INNLEGG: Sofie Klemetzen tek turen til Vik 8.mars. (Arkivfoto)

Emneknaggen #meog på kvinnedagen i Vik

Sofie Klemetzen skal halda hovudinnlegget under markeringa av Den internasjonale kvinndagen i Vik.

Publisert 08.03.2018 kl. 09.58.

Markering av Den internasjonale kvinnedagen blir også i år på Blix hotell under den lokalt tilpassa emneknaggen #meog


Sofie Klemetzen kjem og held hovudinnlegget. Ho er ei ung og reflektert kvinne, med sine meiningars mot, som de kunne lesa om i Sogn Avis laurdag 3. mars, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Innlegget hennar freistar å summera opp kva me har lært av #MeToo-røyrsla:


«Om den allmenne, men likevel så oversedde seksuelle trakasseringa, og korleis denne er ein av mange metodar som vert nytta til å underkua og halda kvinner på sin plass. Kvinna har teia, for ho veit at det er ho som ber den største risikoen ved varsling.


#MeToo er ikkje noko endepunkt, men har bidrege til at me har sett trakassering og overgrep som noko større og meir omfattande enn ei serie enkelttilfelle. Ikkje minst har det bidrege til at terskelen for å varsla, samt for å reagera overfor dei som trakasserer er senka. Dette er viktig, men det er også viktig å ta med det me har lukkast med i denne kampen, inn i dei andre arenaene av kvinnekampen. Alt heng saman, og me skal ikkje kvile enno.»


Anne Grethe Tveit var med i 8. mars-komitéen i over 30 år.


I år er ho tilbake i komitéen og held appellen.


Det blir underhaldning, allsong og utlodning - der overskotet som alltid elles går til Krisesenteret i Sogn og Fjordane.


Velkomen til ei engasjerande og triveleg stund!


Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida