STORMSKADE: Ekstremvêr har gjort mykje skade til no i år. (Illustrasjonsfoto: Frende forsikring)

Ekstremvêr gir nordmenn skadesmell

Noreg har opplevd ekstremvêr både vinter og sommar det siste året. Det gir enorme utslag hjå forsikringsselskapa.

Publisert 04.09.2018 kl. 18.00.

Brann og vatn er årsaka til mange av problema. Vinteren var kald og snørik, medan sommaren var rekordvarm og knusktørr.


- Norske forsikringsselskap har fått inn meir enn 170.000 skademeldingar til no i år. Det betyr at nordmenn har fått utbetalt 4,4 milliardar kroner i erstatningar, seier produktsjef i Frende Einar Brekken i ei pressemelding.


Kvar skade har i gjennomsnitt kosta over 25.000 kroner.


Kraftig auke

- Våre skadetal viser størst auke på hytter og hus, og det er vatn og brann som er hovudårsaka, seier Brekken.


Trenden blir stadfesta av tal frå Finans Norge for første halvår 2018. Brannerstatningane så langt i år er på 1,5 milliardar kroner, 14 prosent opp frå same tid i fjor. Erstatningane etter vasskader er også på nesten 1,5 milliardar, heile 30 prosent opp frå i fjor.


- Erstatningane til private hus, hytter og innbo har skote i vêret med nesten 25 prosent sidan i fjor. Det er enorme tal for heile bransjen. No må folk bu seg på hauststormane. Tala våre viser at storm er årsaka til 25 prosent av hytteskadene som meldast til forsikringsselskapa, seier Brekken.


Siste saker Gå til framsida