(Arkivfoto)

Eitt steg attende for opning av vinterstengde fjell

Publisert 21.04.2017 kl. 11.46.

Til påske vart delar av dei vinterstengde fjellovegangane over Gaularfjellet og Sognefjellet opna for trafikk. Fredag er desse strekningane stengde att, grunna uvêr, vert det opplyst frå Vegtrafikksentralen.


På Gaularfjellet er det difor no berre ope til bommen i Vetlefjorden på balestrandsida og til Langestølen på gaularsida.


På Sognefjellet er vegen stengd ved Turtagrø.


Begge fjellovergangane er venta opna 2. mai, opplyser vegvesenet.


Oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen finn du her.


 


Siste saker Gå til framsida