HISTORISK: Tore Eriksen, fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, fylkesordførar Jenny Følling (Sogn og Fjordane) og fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Hordaland). (Foto: Sigrid Nese)

Einige om namnet på det nye storfylket

Sogn og Fjordane og Hordaland skiftar namn til Vestlandet.

Publisert 27.10.2017 kl. 15.31. Oppdatert kl. 15.57.

I dag var fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla for første gong til eit historisk fylkesting i Gulen.


På sakslista stod mellom anna namn på det nye samanslegene fylket med Sogn og Fjordane og Hordaland.


Dei to fylkestinga gjorde likelydande vedtak, og har mellom anna vedteke at dei ønskjer Vestlandet fylkeskommune som namn på det nye fylket, som trer i kraft 1. januar 2020.


- Me er alltid «vestlendingar» først

- Folk har mykje sterkare tilknytning til ordet «Vestlandet», enn dei har til dei andre forslaga som har kome fram. Når me er i utlandet eller i Oslo, er me alltid «vestlendingar» først, sa Frank Will Djuvik (Frp) frå talarstolen.


Men ikkje alle var einige i at det var det beste alternativet.


- Me er litt skeptisk til å bruka Vestlandet når to av fire fylker ikkje er med. Derfor føreslår me Fjordane. Det er jo felles for oss alle, sa Stein Malkenes frå MDG.


Andre namn som vart føreslegne var mellom anna Gulating og Vestland. Men det enda altså til slutt med at politikarane ynskjer Vestlandet.


Det er Stortinget som endeleg skal vedta kva det nye fylket skal heita.


- Endeleg i mål

Fylkestinga i dei to fylka har også gjort vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og dei har sett ned ei fellesnemnd som skal leia prosessen vidare.

- Dette er ein historiske og gledas dag. Etter ein lang prosess er me endeleg i mål, slår fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland fast.

Den oppnemnde fellesnemnda skal i hovudsak planleggja og førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei av dei viktigaste oppgåvene til fellesnemnda vert å førebu arbeidet med budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023.

- No startar arbeidet med å setja i verk det vidare arbeidet. Det blir mykje arbeid, som krev godt samarbeid, respekt og tillit mellom både politikarar og administrasjon, seier Anne Gine Hestetun.


- Må tenkja moglegheiter

Fellesnemnda fungerer fram til det første fylkestinget for den nye fylkeskommunen vert konstituert, innan utgangen av oktober 2019.

- Ambisjonen i den vidare prosessen må vere at forandringane blir til det betre. Me må tenkja moglegheiter, sjå framover og skape fellesskap. Her får fellesnemnda ei viktig rolle, som drivar av den vidare prosessen, seier Jenny Følling.

Fellesnemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka, med til saman 24 medlemar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane. Nemnda konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar, men fylkestinga har slått fast at ho skal ha leiar frå Hordaland og nestleiar frå Sogn og Fjordane.


- Ein grunnstein

Dei to fylka underteikna i januar i år ein intensjonsplan for samanslåing, og fylkestinga vedtok i dag at denne skal følgjast i det vidare samanslåingsarbeidet.

- No skal me bruka styrkane og svakheitene våre til å gjera kvarandre betre. Me må spela på lag og ha solid respekt for kvarandre. God dialog og kommunikasjon vert viktig framover, seier Følling.

Hestetun legg vidare til at det «nye» vestlandet skal bli til beste for alle på Vestlandet.

- Den nye regionen vil gje kraft til eit sterkt vestland både med omsyn til demokrati, samfunnsutvikling og tenesteyting til innbyggjarane og næringslivet, seier ho.


Siste saker Gå til framsida