SAMRØYSTES: Fylkesutvalet går samrøystes inn for namnet Vestland, her Åshild Kjelsnes og Jenny Følling. (Arkivfoto)

Einige om at «Vestland» er det beste namnet

Fylkesutvalet brukte berre eit par minuttar på å bli einige om forslag til namn på det nye storfylket på Vestlandet.

Publisert 12.02.2018 kl. 14.56.

Fylkesutvalet gjekk i møtet måndag samrøystes gjekk inn for «Vestland» som namn på det nye fylket, melder Firda.

Dermed er det klart at Sogn og Fjordane og Hordaland saman spelar inn «Vestland» som namn når dei to fylka vert slegne saman.

Hordaland og Sogn Fjordane har med stort politisk fleirtall vedteke «Vestlandet» som namnet på den nye felles fylkeskommunen. Frå Rogaland og Møre og Romsdal har det vorte uttrykt sterk misnøye med det namneforslaget.

I midten av januar hadde kommunalminister Monica Mæland møte med dei fire fylkeskommunane for å høyra deira synspunkt.

Den endelege avgjerda bli teken i Stortinget før sommaren.


Siste saker Gå til framsida