Ein person til legesjekk etter utforkøyring

Publisert 28.10.2017 kl. 08.27. Oppdatert kl. 08.57.

Ein bil har køyrt av vegen og inn i ein lyktestolpe ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet.


Politiet melder om hendinga klokka 08.05 laurdag. 


Ein person er på veg for å få ein legesjekk.


Elles er det ikkje mange hendingar politiet melder om laurdag natt og morgon.


I Gaupne greip politiet inn mot ordensuroing på offentleg stad like etter midnatt. 


Ein rusa gut i slutten av tenåra vart køyrt heim.


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk

Siste saker Gå til framsida