JAKTA REKORDAR: Kjellfred Weum feira mange triumfar på Bislet. Her stormar han inn til nordisk rekord og 13,7 på 110 meter hekk.(Arkivfoto)

Ein olympiar er gått bort

Kjellfred Weum døydde måndag, 77 år gamal.

Publisert 08.08.2017 kl. 18.37.

Weum har sett spor etter seg i friidrettsverda med rekordar i hekkeløp, men var også godt kjent som lokal politimann og politikar.


- Kjellfred har vore ein av dei største idrettspersonane i Luster, som har hevda seg slik både nasjonalt og internasjonalt. Han var ein omtykt person etter mange år både i politi og politikk. Det seier ordførar og partifelle i Senterpartiet, Ivar Kvalen.

LEGENDE: Kjellfred Weum var ei legende i friidretten innan hekkeløp, og i høve 70-års dagen mimra han om tidlegare idrettsbragder.(Arkivfoto)

Allsidig

Kjellfred vaks opp på Indre Hafslo med gardsarbeid, og pliktene som det medførte. Så mykje organisert trening vart det ikkje i ungdomsåra, det var først som 18-åring at talentet vart oppdaga. Då flytta han til Drammen der han fekk jobb på eit skipsverft. Han vart etter kvart med på bedriftsidrettslaget, spelte fotball og trena styrke.


Weum vart oppdaga av Andreas Larsen Nyhus som sjølv var aktiv utøvar, og sentral i klubben Hellas. Han vart trenaren til Kjellfred.


Omfattande

Weum hadde ei omfattande og imponerande karriere som hekkeløpar. I perioden 1963 til 70 vann han NM åtte gonger på rad. Han fekk Kongepokalen i Trondheim 1967 med norsk rekord 14,0 som resultat.


Etter sin fantastiske sesong i 1967 der han først vann korthekken mot Sverige på Bislett med tida 13,8 og slo svenske Bo Forsander, sette Weum ny nordisk rekord på den same bana med sterke 13,7 i sin 25. landskamp mot Be-Ne-Lux.


BUL-løparen vart for dette heidra med Bislettmedaljen. Ei særs høg utmerking i lag med namn som Ron Clarke, Gaston Roelants, Janusz Sidlo og Ralph Boston av utanlandske namn frå 60-talet.


Kjellfred Weum hadde også europarekorden på 60 meter hekk innandørs. Dette skjedde i Stockholm i 1965 med tida 7,8 sekund. Italienaren Eddie Ottoz slo denne tida med ein tidel året etter. Weum kan skilta med fem NM-titlar på korthekken innandørs.


Høgdepunktet

Sogn Avis intervjua Kjellfred Weum for sju år sidan i samband med at han fylte 70 år. Då fortalde han at høgdepunktet i friidrettskarrieren var OL i Mexico City i 1968. Dei var der ein heil månad, og innmarsjen under opningsseremonien med 100.000 tilskodarar på Azteca stadion vart eit minne for livet.


Weum brydde seg lite om at han mangla eit par hundredelar på å kvalifisera seg til finalen. Han var nøgd med å springa i semifinalen med OL-vinnaren William Davenport frå USA og bronsevinnar Eddy Ottoz frå Italia. Tida til Weum var på 14,04 og norsk rekord.


Under EM i Athen i 1969 kom han på sjuandeplass og til finalen. Som BUL-løpar har Weum også vore med å vinna Holmenkollstafetten.


Politi og politikk

Weum gjekk på politiskulen i Oslo frå 1964 og fekk sin første jobb ved Asker og Bærum politikammer i 1967 med base i Sandvika. Saman med kona Ingerid flytta han attende til Sogn i 1971. Dei fekk sonen Bertil.


Weum jobba mange år i politiet, og var ei tid lensmann i Luster. Han var også ein sentral person i Senterpartiet, og var varaordførar frå 2003. Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, tok over som partitopp etter Veum.


- Eg tykkjer det er veldig trist at han skulle døy så tidleg. 77 år er relativt ingen høg alder i dag. Kjellfred hadde ein lun og fin veremåte, og hadde godt ry.


Weum hadde Alzheimers sjukdom, og budde på omsorgssenteret då han døydde. Han vert gravlagd fredag 18. august frå Fet kyrkje.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida