RASKAST: Joel Dyrhovden sprang inn til bestetida i Molden Opp. (Foto: Ole Schanke Eikum)

Dyrhovden var raskast i Molden Opp

Publisert 17.06.2017 kl. 17.02.

Joel Dyrhovden vann herreklassen i Molden Opp laurdag, med tida 51,11.


Det var over tre minutt føre dei som var nærast i tid: Øystein Ulekleiv frå Dombås IL med 54,32 og Joar Grov Turvoll frå Vik IL med 54,39.


Dyrhovden spring for klubben Samnanger IL/SAFA.


May Britt Buer var best av damene, og gjekk i mål på tida 58,15.


Det var foran Karoline Erdal frå Førde, som sprang på 1.06,31, og Merete Helgheim frå Gloppen som var vel minuttet etter Erdal.


Molden Opp er i år del av Lustratrippelen, der Lustraløpet var først ut 5. juni. Tredje løpet er Fanaråken Opp 12. august. Om kvelden den 12. vert det bankett på Fjordstova i Skjolden, med premiering både av motbakkeløpet og av samanlagtvinnarane.


 

DAMEVINNAR: May Britt Buer var best av damene. (Foto: Ole Schanke Eikum)

Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida