SJEKKA STODA: Statens vegvesen hadde søndag ettermiddagen og kvelden kontrollar på E16 på Håbakken i Lærdal og fylkesveg 55 i Sogndal. (Arkivfoto)

Dreiv opplæring av 16 sjåførar til turistsesongen - braut køyre- og kviletida

Publisert 16.04.2018 kl. 13.28.

Eit litauisk busselskap som dreiv opplæring av sjåførar til turistsesongen i Noreg, vart søndag kontrollert av Statens vegvesen. Det synte seg då at dei under opplæringa hadde brote reglane om køyre- og kviletid.


Firma vert meldt til politiet for ikkje å leggja til rette slik at sjåførene kan halda køyre- og kviletida. Sjefen for firma var med og dreiv opplæringa.


Det var 16 sjåførar som var på opplæring. Dei måtte overnatta i Lærdal slik at køyre- og kviletida vart rett, opplyser Statens vegvesen, som denne ettermiddagen og kvelden hadde kontrollar på E16 på Håbakken i Lærdal og fylkesveg 55 i Sogndal.


Dei fann fleire forhold å setja fingeren på.


Ein svensk lastebilsjåfør vert etter kontrollen meld til politiet for mangelfull sikring av lasta. Vogntoget var lasta med 25.000 kg gods som ikkje var sikra godt nok.


Ein estisk bergingsbil fekk tekniske manglar grunna feil på ABS-bremsane.


Ein norsk lastebil fekk køyreforbod i mørke grunna store skadar på frontruta og redusert sikt grunna dette.


Fem bilar, som vart kontrollerte i Sogndal, fekk tekniske manglar grunna feil på lys.


Tre sjåførar fekk opplæring i lysbruk på køyretøya sine grunna feil lysbruk.


Ein personbil fekk køyreforbod grunna delvis dekka frontrute. Førar hadde limt på diverse skrift i frontruta, opplyser vegvesenet.


Siste saker Gå til framsida