MØTE OM NAMN: Frå venstre: fylkesvararordførar i Rogaland, Marianne Chesak, fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. (Pressefoto)

Diskuterte fylkesnamn med ministeren

Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterte fredag fire fylkesordførarar til felles møte om namnet på det nye vestlandsfylket.

Publisert 19.01.2018 kl. 15.39.

- Det var eit godt og konstruktivt møte, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Følling møtte 19. januar kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland saman med fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) og fylkesvaraordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap), går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

- Eg har lagt fram namnevedtaket som er solid forankra i fylkestinget vårt og gjort greie for argumenta våre, så no er det opp til sentrale styresmakter å kome med den endeleg avgjerda, seier Følling etter møtet.

I haust vedtok fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland at dei vil kalla det nye fylket for Vestlandet. Det skapte reaksjonar.

I løpet av våren 2018 legg Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ein namneproposisjon til Stortinget, og Stortinget gjer endeleg vedtak i saka før sommaren.


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida