FARLEG: Denne adventsstaken tok fyr om natta. Foto Frende forsikring)

Difor bør du slå av adventslysa om natta

Kanskje har du ein slik stake i vindauget ditt?

Publisert 05.12.2017 kl. 22.30.

Denne på biletet tok til å brenne om natta. Det tok fyr i det eine lyset og flammen spreidde seg til gardinene. Huset vart heilt nedsota etter branntilløpet.


- Julepynt med lys kan vera ei brannfelle om det ikkje det blir brukt rett, seier brannekspert Odd Magne Skjerping i Frende Forsikring i ei pressemelding.


Desember er den travlaste månaden i året for brannvesenet. Det brenn i nesten femti prosent fleire bustader i julemånaden enn i snitt elles i året.


Brannfarleg julepynt

Dei mange elektriske smålysa i adventsstjerner og juledekorasjonar fører til brann kvart einaste år.


- Om lysestaken har velta eller julepynten har vore pakka opp og ned nokre gonger, kan leidningar bli klemde og pærer øydelagde, fortel branneksperten.


Utstyret kan vera skadd og brannfarleg utan at du er klar over det.


- I fleirarma adventsstakar kan pærene vere utstabile. Blir lysstyrken i dei ulike pærene ujamne, er det eit teikn på at noko ikkje er som det skal vere. Då bør pærene skiftast ut, seier Skjerping.


Svimerker

Når ei lyspære går på julelysa, vil spenninga og temperaturen auka på dei andre pærene. Vert dei overoppheta kan dei antenne tekstiler i nærleiken. Dette kan føra til brann, spesielt når dei er i nærleiken av anna pynt som lett tek fyr.


- Bruk aldri lyspærer som er sterkare enn det julepynten er rekna for. Svimerker eit alvorleg faresignal, seier Odd Magne Skjerping.


Han kjem med enkle, men gode råd. Ta ei runde og kjenn om det er varmgang i kontakter og koplingar, skru av lysa om natta og når du ikkje er heime. 


La aldri leidningar komme i klem og unngå bruk av skøyteledning.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida