LENSE: Det er lagt ut lense i Sogndalselvi ca. hundre meter nedanfor brua. (Foto: Morten Sortland)

Diesel har kome ut i Sogndalselvi

Brannvesenet er har lagt ut lenser etter at det kom melding om at det hadde runne diesel ut i Sogndalselvi.

Publisert 14.02.2018 kl. 11.25. Oppdatert kl. 12.58.

- Me har lagt ut lense i elva, men me klarer ikkje å fanga opp alt, det er for mykje straum, seier brann- og redningssjef Vidare Trettenes like etter klokka 11.30 onsdag.


Han opplyser at dei vil prøva å laga ei lita grop, slik at det blir lettare å få samla det opp.


- Det er vanskeleg å sjå kvar det kjem frå, og det er litt is langs elvebreidda, fortel han.


Dieselen kjem frå ein dieseltank det har gått hol i, opplyser Trettenes.


Det er også opplysningane dei har fått på Alarmsentralen.


- Det skal vera ein dieseltank i nærleiken av Quality Hotel i Sogndal som er lekk. Me har fått stadfesta at det skal ha kome noko ut i elva og at det er obsvert oljefilm på vatnet, seier vaktleiar Magni Brandsøy på Alarmsentralen.


Brandsøy opplyser at det er folk på staden som driv og grev opp tanken for å få stogga lekkasjen og fjerna massane der diesel har runne ut.


- Ut frå dei tilbakemeldingane me har har fått, tyder det på at dei har fått stogga lekkasjen, sa ho klokka 11.20.

DIESEL: Det har runne diesel ut i Sogndalselvi. (Foto: Morten Sortland)