KAN FÅ PRIS: Nesseplast, her ved dagleg leiar Erling Nesse, er mellom dei nominerte til Eldsjeprisen. (Arkivfoto)

Dette er dei nominerte til årets eldsjelprisar

No er det nominerte til årets eldsjepris for bedrifter og for privatpersonar klare.

Publisert 14.09.2018 kl. 11.09.

Brødrene Aa AS, Nesseplast AS og Fylkeskommunen si tannhelseteneste er innstilt til årets eldsjelpris for bedrifter av IA-rådet i Sogn og Fjordane. På IA-dagen 27. september på Sunnfjord Hotell i Førde, vert ein av dei nominerte kåra til årets IA-eldsjel, heiter det i ei pressemelding frå Nav Sogn og Fjordane.


- Me har fått inn mange gode forslag på verksemder, og desse tre er nominert. Dei er alle svært gode representantar for praktisk og god inkludering, fortel Tove Rygg, avdelingsdirektør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.


Eldsjelprisen for personar

På IA-dagen blir det også delt ut ein Eldsjelpris for personar. Ann Elisabeth Tveit frå Innovasjon Norge, Ragnhild Holm frå Flora Kommune og Sigrunn Rygg frå Jatak AS er nominerte til årets Eldsjelpris for personar av IA-rådet i Sogn og Fjordane.


- Det er mange eldsjeler i arbeidslivet. Dei innstilte utmerkar seg positivt, og er nominert for både systematisk nærværsarbeid og som viktige bidragsytarar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, fortel Rygg.


Morgondagens arbeidsliv

IA-rådet og Nav Arbeidslivssenter i Sogn og Fjordane deler kvart år ut ein IA-pris. Prisen går til verksemd/avdeling og personar som arbeidar for eit raust og inkluderande arbeidsliv.


IA-dagen blir arrangert kvart år av IA-rådet i Sogn og Fjordane i samarbeid med Nav Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-dagen er for alle bedrifter i Sogn og Fjordane og tema i år er «Morgondagens arbeidsliv - bevare og inkludere», går det fram av pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida