Det tek deg #eittminutt

Det tek deg #eittminutt å forstå kor viktig det er med ei fri og uavhengig presse.

Publisert 09.03.2017 kl. 15.38. Oppdatert kl. 15.42.

Eg håpar du er kritisk til det du les, same kvar du les det, men særleg det du fangar opp rundt omkring på internett.


«Kest har du det ifrao», er ein kampane me i Sogn Avis har hatt gåande ei stund. Det handlar om det: Kven har skrive kva og kvifor! Kan dette verkeleg stemma? er spørsmålet du av og til må stilla deg i dagens verd som kan vera full av falske nyheiter og det som verre er.

Jan Inge Fardal, redaktør i Sogn Avis. (Foto: Ørjan Talle)

Me og alle andre redaktørstyrte organ i norsk presse gjer kvar dag vårt beste for at du skal få viktig, relevant og ikkje minst - korrekt informasjon. Det er difor me går på politiske møte, der er difor me masar om openheit og innsyn i lukka rom. Me skal avdekka, forklara men me skal også underhalda.


Eigedomsskatt-saka i Sogndal og avsløringane av tilstanden i Sogn barnevern er to saker som viser kva ei uavhengig og fri lokalavis kan bety, og me skal halda fram med å stilla spørsmål til dei som styrer og bestemmer - på vegner av deg.


#eittminutt er ein kampanje som skal spreia kunnskap og skapa debattom verdien av ei fri, uavhengig og mangfaldig presse.


Les meir om: Nyhende Video

Siste saker Gå til framsida