RAS: Steinane har kome ned ved Reppa. (Foto: Bane NOR)

Desse steinane stengde Flåmsbana

Flåmsbana er rydda og opna att.

Publisert 16.04.2018 kl. 10.29. Oppdatert kl. 10.40.

SISTE: Klokka 13 måndag melder Bane NOR at Flåmsbana er rydda og opna att for trafikk.


- Det har i løpet av helga gått fire ras mellom Myrdal og Berekvam. I natt har det rasa ned nokre fleire steinar. No ventar me på tilbakemelding frå geologane, når dei har gjort si vurdering, seier Ragnhild Aagesen, medievakt hjå Bane NOR, måndag føremiddag.


Flåmsbana har vore stengd sidan i 16-tida søndag. Også laurdag var det stengt, då fjellsidene langs bana måtte reinskast for is.


Alf Strømsnes, driftsleiar for Flåmsbana, fortel at passasjerane, i samarbed med NSB, blir sende med buss til Voss eller Gol så lenge bana er stengd.


- Frå gruppemarknaden har me eit par hundre passasjerar som skulle reisa med Flåmsbana i dag anten ein veg eller tur-retur. Viss det er mogeleg, kan dei kanskje få reisa i morgon, men stort sett har dei så stramt program at det ikkje er mogeleg. Det er kjedeleg, men me prøver å strekkja oss for å kunne gje dei eit tilbod, seier han.


Siste saker Gå til framsida