NY LEIING I AUF: F.v.: Sindre Hornnes, Sandra Tenud, Aasa F. Grønvold, Egil Natvik Vestrheim, Paulina Sitarz, Reidar Fugle Nordhaug. ( Foto: AUF)

Desse skal styra AUF i fylket

- Eg er stolt over tilliten, seier Sindre Hornnes.

Publisert 23.01.2018 kl. 19.25.

Han er nyvald fylkesleiar i Sogn og Fjodane AUF. Det skjedde på fylkesårsmøtet i Sogndal.


Hornnes har tidlegare vore leiar av Førde AUF og organisatorisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.


«Med 459 medlemar i ryggen og Arbeidarpartiet sitt beste skulevalresultat før eit Stortingsval sidan 1989, er det klart at ungdom ynskjer ei ny retning for Noreg», skriv organisasjonen i ei pressemelding.


Spennande saker

- Eg er klar til å ta organisasjonen inn i eitt nytt år med vekst. Som fylkets desidert største politiske ungdomsorganisasjon kjem vi til å bruka posisjonen vår til å arbeida med mange spennande politiske saker som bortebuarstipend, styrking av nynorsken, og eit kollektivtilbod som er betre for ungdom, seier Hornnes.


Med seg på laget har Hornnes eit team som består av: Sandra Tenud, Gloppen (politisk nestleiar), Reidar Fugle Nordhaug, Førde (organisatorisk nestleiar), Aasa Fredriksen Grønvold, Høyanger (styremedlem), og Egil Natvik Vestrheim, Lærdal (styremedlem).


Les meir om: Nyhende Politikk