NOMINERTE: Ketil Thorbjørnsen frå Årdal, Kristin Sønnerheim frå Aurland og Geirr Vetti frå Luster er mellom dei nominerte til fylkeskulturprisen. (Arkivfoto)

Desse er nominerte til pris

Det var kome inn 15 forslag til årets fylkeskulturpris då fristen for å nominera kandidatar gjekk ut 1. november.

Publisert 08.11.2017 kl. 12.22. Oppdatert kl. 12.29.

Årets kandidatar representerer mange kulturområde og syner stor breidde i kulturarbeidet i fylket, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Mellom dei nominerte er Kristin Sønnerheim frå Aurland, som har lagt ned stor innsats for å gjera Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta.

Blant dei femten nominerte er òg Geirr Vetti frå Luster, som har gjort ein stor innsats med å ta vare på og setja i stand eldre bygningar og kulturlandskap. Han organiserer og er arbeidsgjevar for sherpaer som jobbar med å restaurera og setja i stand hus og stiar over heile landet.

Nominert til årets pris er òg artist Ketil Thorbjørnsen frå Årdal. Han har opplevd stor suksess etter at han droppa engelsken og gav ut debutplata «Verdsmannen» i 2014.

På lista over dei nominerte finn me òg fotografane Finn Loftesnes frå Sogndal og Oddleiv Apneseth frå Gaular som har dokumentert og sett Sogn og Fjordane på kartet.

Desse er nominerte til fylkeskulturprisen 2017:

Teaterfestivalen i Fjaler/Torkil Sandsund/ Miriam Prestøy Lie
Eirik Molnes Husabø
Terje Rognsø
Førde volleyballklubb
Finn Loftesnes/Oddleiv Apneseth
Geirr Vetti
Helge Sunde
Erlend Apneseth
Jan Ketil Smørdal
Reodor TV/Frode Steen/Daniel Dvergsdal
Per Øyvind Sørbø
Otto Søvik
Ketil Torbjørnsen
Kristin Sønnerheim
Arne M. Sølvberg/Asbjørg Hustveit Sølvberg

Hovudutval for næring og kultur gjer vedtak om kven som skal få prisen 21. november.

Også i fjor kom det inn 15 forslag. Prisen gjekk då til Dans Uten Grenser og Ove Henning Solheim.


Les meir om: Nyhende Kultur Politikk

Siste saker Gå til framsida