Desse er kandidatar til Årets sogning

Me har henta fram seks namn som skal vera me å kjempa om tittelen Årets sogning. Avstemminga som avgjer kven som får Sogn Avis sin heiderspris 2017, er no avslutta.

Publisert 25.11.2017 kl. 09.00. Oppdatert kl. 13.11.

Avstemminga på Årets sogning er no avslutta. Kven vinnaren er, får du vita i første avisa etter jul.


Her er årets kandidatane:


1. Kristian Fardal Opseth - Greip sjansen og fekk vist seg fram skikkeleg då Sogndal sende han på utlån til Bodø Glimt. Sette historisk scoringsrekord i 1. divisjon og spela laget opp i eliteserien. Kaupingen er nominert til årets spelar i divisjonen.


2. Bjørn Skovly - Gjer ein imponerande innsats, både som privatperson og leiar i Lions Norge, gjennom prosjekta han har sett i gang i Uganda. Veitastrendingen har fått sogningane engasjerte i hjelpearbeidet på ein unik måte, om lag 250 fadrar bidreg til nytt liv og skulegang for barn frå slummen.


3. Trine Lerum Hjellhaug - Etter ein solid vekst i 2016 tek ho verksemda Lerum AS vidare mot nye høgder. Nybygging og flytting av fabrikken i Fjøra til Kaupanger opnar også for utvikling av Sogndal sentrum og miljøet mot fjorden. Profilert næringslivsleiar som også bidreg på grasrotnivå gjennom leiarverv i idretten.


4. Kjartan Lauritzen - Per Áki Sigurdsson Kvikne - i rolla som rapfenomenet Kjartan Lauritzen - opplever dundrande suksess. Balestrendingen er nominert til fleire prisar, vert rekna som ein av dei beste liveartistane i Noreg og billettane til konsertane vert rivne vekk. Høgdepunktet så langt då han fylte Rockefeller i Oslo.


5. Anne Gine Hestetun - Er tilbake som fylkesordførar i Hordaland etter eitt år med knalltøff kamp mot kreften. Årdalskvinna sin openheit om sjukdommen har vore medverkande til at Beslutningsforum endeleg gjorde kreftmedisinen Kadcyla tilgjengeleg for norske pasientar.


6. Olav Skarsbø - Skarsbø har ikkje berre gjort ein god innsats med bygginga av det nye skyttarhuset i bygda, men også har hatt fleire verv både lokalt og nasjonalt På opningsfesten fekk han tildelt Det Frivillige Skyttarvesen (DFS) sitt skjold. Denne utmerkinga heng svært høgt, og vert gitt til personar som har gjort ein særleg god innsats for skyttarsaka.


Vinnar dei siste fem åra: Andrea Voll Voldum (2016), Olav Hylland (2015), Gaute Stadheim (2014), Brannmannskapa Aurland (2013) og Emilia Polbratek (2012)


Kandidatar 2016: Eirik Bakke, Hydro-tilsette, Tommy Skjerven, Roar Gilbu og Jonny Steenesen, Egon Askvik og Andrea Voll Voldum (vinnar) 


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida