STOGGAR OG INTERVJUAR: Intervju med sjåførane på tunge køyretøy vil finna stad på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar. (Arkivfoto)

Denne veka skal 230 personar intervjua sjåførane på alle tunge køyretøy

Onsdag og torsdag denne veka skal all godstransport på heile Vestlandet registrerast i det som truleg blir norgeshistorias største godsundersøking.

Publisert 16.04.2018 kl. 13.09.

Målet er å kartlegge alt gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet, vert det opplyst i ei pressemelding frå Statens vegvesen.


- Dette er veldig spanande, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.


Alle tunge køyretøy

Han har ansvaret for prosjektet der 230 personar skal stogga og intervjua sjåførane på alle tunge køyretøy. Det blir gjort ved 21 punkt langs Vestlandet i dei to døgera undersøkinga varer.


- Me stoggar tungtrafikken og intervjuar sjåførane. Dette gjer me på alle fjellovergangane mellom aust og vest, på alle ferjene langs E39, på Fjordline og ein del andre ferjer, og på Statens vegvesen sine kontrollstasjonar.


I tillegg blir det henta inn statistikk og gjort intervju på dei store godsterminalane og i hamnene lang kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Målet er at så godt som all godstransport i dei fire Vestlandsfylka skal kartleggast.


Meir effektivt

Godsundersøkinga skal gi meir kunnskap i arbeidet med å nå måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport. I tillegg er det eit mål å få meir  gods over frå veg til sjø- og banetransport.


- Poenget er å få ein oversikt over kvar transporten kjem frå, kvar den skal, og kva gods som blir frakta, og kor mykje det er, seier Børtveit.


Vegvesenet gjorde ei liknande undersøking, men i mindre omfang, i 2012.


- Når rapportane frå årets undersøking er ferdig, kan me samanlikna og sjå om det har vore endringar i godstransporten dei siste åra.


Koma med forslag

Børtveit håpar å sjå utviklingstrekk og kanskje identifisera rammevilkår, tiltak og endringar som har bidrege til endringar i godsstraumar.


- Etterpå kan me koma med forslag til tiltak og kva me meiner overføringspotensialet frå veg til sjø og bane er, seier prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.


Statens vegvesen er oppdragsgjevar for undersøkinga saman med fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, medan Asplan Viak og IRIS har fått oppdraget med å laga ein hovudrapport samt delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant.


Siste saker Gå til framsida