I SOGN: Følgjet frå Litauen fekk mellom anna sjå Bøyabreen og var på synfaring til Nigardsbreen i følgje med nasjonalparkforvaltar Maria C. Knagenhjelm.

Delegasjon frå Litauen på klimastudietur i Sogn

Ein delegasjon frå Litauen har vore i fylket for å sjå korleis me arbeider med klimaendringane sin verknad på biologisk mangfald og økosystem.

Publisert 10.11.2017 kl. 15.00.

Fleire enn 20 fagfolk, mellom anna representantar frå Miljøverndepartementet i Litauen og Vytautas Magnus University, var gjennom eit rikhaldig program i fylket under eit to-dagar langt besøk i oktober, skriv Vestlandsforsking på sine nettsider.


Studieturen er del av eit internasjonalt prosjekt der Vestlandsforsking og Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek.


Klimaendringar

Målet med prosjektet er å styrka samarbeid, utveksla erfaringar og byggja kompetanse på klimaendringar sin effekt på biologisk mangfald og økosystem.


Dei besøkande fekk presentasjonar både frå fylkeskommunen, Fylkesmannen, Distriktssenteret, Jostedalsbreen nasjonalpark, Breheimsenteret og Vestlandsforsking. Dei vitja og Bremuseet i Fjærland og Lærdal grønt. Representantane deltok i arbeidsseminar og feltstudiar, og dei fekk innsikt i korleis me i Sogn og Fjordane arbeider med biodiversitet og klimatilpassing på regionalt nivå.


- Delegasjonen viste stor interesse for korleis det vert arbeidd med klimatilpassing her heime og tek med seg ny lærdom til Litauen etter besøket, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde.


Siste saker Gå til framsida