PRIS: Dans Uten Grenser og Ove Henning Solheim feira 10-års jubileum i år. Her frå jubileumsframsyninga i Sogndal kulturhus.

Dei får fylkeskulturprisen

Årets fylkeskulturpris går til Dans Uten Grenser og Ove Henning Solheim.

Publisert 22.11.2016 kl. 14.17. Oppdatert kl. 14.50.

Prisvinnar Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser har 10-års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016. 

Det var hovudutval for næring og kultur som samrøystes tildelte prisen i møte 22. november, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding. Fylkeskulturprisen 2016 blir delt ut under fylkestinget 6. desember.


15 framlegg

- Det er ekstra gledeleg med ein vinnar som set ungdommen i sentrum og gir dei tillit. Dei får vera med å bestemma retninga vidare, og gjennom verkstadane har me og fått nye profesjonelle dansarar i fylket, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter.


Det kom i år inn 15 framlegg til kven som burde få prisen. Nemnda for prisen samla seg om tre kandidatar som vart lagt fram for hovudutvalet: Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, Judith Vestrheim og Jan Ketil Smørdal.


Prisen er ein diplom og ein sum på 50.000 kroner som vert delt ut på fylkestinget.


Ansvar og sjølvstende

Grunngjevinga frå hovudutvalet er som følgjer:


"Gjennom arbeid som fritidsleiar i Rygge kommune la Ove Henning Solheim grunnlaget for «Danseverkstedmodellen» som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser. Han vidareførte dette arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003, og etablerte Dans Uten Grenser Førde i tilknyting til «Skrivarløa» ungdomshus. Fylkeskommunen fatta interesse for danseverkstadmodellen som folkehelseprosjekt, og frå 2006 har det blitt etablert danseverkstader for barn og unge mellom 10 og 19 år i 13 kommunar i fylket. Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016.


Dans Uten Grenser set ungdom i sentrum. Ungdommen får vere med å bestemme, noko som bidreg til at dei tar ansvar og blir sjølvstendige. Danseverkstadane vert drifta etter ung-til-ung metodikk. 890 ungdommar har gjennomført opplæring som instruktørar desse 10 åra, og fleire tusen barn og unge har vore med på verkstadane. 100 instruktørar jobbar kvar veke frivillig med undervisning. Dans Uten Grenser har arrangert danseframsyningar og turnear både i eige fylke og i utlandet. 12 instruktørar har gått vidare og satsa på ei profesjonell dansekarriere. Dei er no Side 3 av 3 ressursar for dansemiljøet i fylket. Gje ungdom tillit. Gje dei muligheiter, Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive, omsorgsfulle i sine lokalsamfunn og det vil blomstre rundt dei skriv Solheim på nettsida til Dans Uten Grenser."


Les meir om: Nyhende Kultur Ung

Siste saker Gå til framsida