Byrja å brenna på kjøkenet - huseigar fekk sløkt brannen sjølv

Publisert 22.01.2018 kl. 13.14. Oppdatert kl. 14.40.

Politiet opplyser at det klokka 12.11 måndag vart meldt om brann i ein einebustad i Sogndal.


- Det har vore eit branntilløp i nærleiken av komfyren. Huseigar gjorde ein god jobb og fekk sløkt brannen sjølv, fortel Frode Eide på Alarmsentralen.


Brannvesenet sende folk til staden for å kontrollera at brannen var sløkt.


Politiet opplyser at ein person er sjekka av helsevesen etter brannen.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida