PÅ KURS: Butikktilsette fekk sjølve ta eit tak med julematen på Ole Ringdal AS, både ved å reinskjera og salta sidene. Her er f.v. Ronny Sørbotten, Coop Vest, Kjell Grøthe, Extra Lærdal og Ole Ringdal. (Pressefoto)

Butikktilsette lærte meir om lokalmat

Med kvasse knivar går butikktilsette laus på å finskjera sider av lam og gris.

Publisert 07.09.2018 kl. 13.30.

Dei er hjå Ole Ringdal AS i Hellesylt, for å læra meir om korleis lokalmat blir laga frå botnen av.


Det var eit ganske spesielt opplegg som denne veka gjekk føre seg, då ansvarlege for lokalmat i Coop-butikkar frå Sogn til Møre møttest hjå kjøtverksemda Ole Ringdal AS i Hellesylt. For her vart butikkfolka ikkje berre fortalt korleis julesidene vert laga, dei fekk vera med å gjera jobben sjølve.

SJELDAN SJANSE: Det er ikkje kvar dag at butikktilsette får vera med på å produsera maten dei seinare skal selja.

Sjela til maten

- Ja, me tenkjer slik at det er viktig at dei som skal selja lokalmaten, veit mest mogleg om produktet. At dei kan fortelja kundane om korleis ein lagar god og kortreist mat. Det handlar om identiteten og sjela til maten, det er nettopp det me som jobbar med lokalmat er opptekne av å få fram, seier Ronny Sørbotten, marknadssjef i Coop Vest i ei pressemelding.


Han har ansvar for lokalmatsatsinga.


Første dag av samlinga var sett av til teori, i tillegg fekk deltakarane vera med på kaffiskule med Kjetil Russenes i Sognefjord kaffibrenneri og ølskule med Rolf Risnes i Skifjorden bryggjeri. På fasjonable Hotell Union Øye var sjølvsagt ei ramme for det nærreiste og lokale perfekt, utan at det vert rapportert om noko nærreist spøkjelse denne gongen.


Nyttig

Bedrifta i Hellesylt har aldri hatt butikkfolk inne for å delta i produksjonen før. Hjørnesteinsbedrifta foredlar 2.300 tonn kjøt i året, og tradisjonsmat er i vinden.


- At dei som skal selja lokalmaten til kundane kjem for å læra meir, er veldig kjekt, seier Ringdal.


Det er heller ikkje tvil om at dei som var med på kurset tykte det var spennande å læra meir om produksjonen.


- Nyttig, interessant og lærerikt, var ord som gjekk igjen, mellom dei butikktilsette.


Dette er det andre lokalmatkurset i Coop Vest, det første var hjå Arne Brimi på Vianvang.


Siste saker Gå til framsida