Båt kantra i Sognefjorden - to personar berga opp frå sjøen

Publisert 17.05.2018 kl. 17.41.

Ein båt har kantra ved Danneset mellom Høyanger og Balestrand. Det opplyser politiet torsdag ettermiddag klokka 17.34.


- Båten kantra etter å ha blitt overraska av grov sjø. To personar har vore i sjøen, men er berga opp. Dei er kalde, men elles i fin form, opplyser politiet.


Båten ligg no og driv i fjorden.


Les meir om: Nyhende Notis