Bøndene skal hjelpa kvarandre

Publisert 09.01.2017 kl. 11.35.

Sogn og Fjordane er eit av seks fylke som får prøva ut den nye ordninga med mentor for bønder. Dette skal medverka til at erfarne bønder deler sin kunnskap, skriv Fylkesmannen på sine nettsider. Mentorordninga vil seia at gardbrukaren gjer ein formell avtale med ein kollega om å bistå som diskusjonspart i drifta.


Deltakarane forpliktar seg til å møtast minst fem gongar i året og laga ein enkel rapport frå samarbeidet. Bønder som ønskjer å bli mentorar vil få opplæring og ei godtgjering på 8.000 kroner. Dei som vil vera med på melda seg på til Norsk Landbruksrådgiving innan 12 januar.


Les meir om: Nyhende Notis Landbruk