Vegvesenet håper å kunne opna for styrt trafikkavvikling gjennom Fjærlandstunnelen frå måndag.(Foto: Sigrid Nese)

Blir stengd resten av veka

Reparasjonsarbeida er i full gang etter brannen i Fjærlandstunnelen. Tunnelen blir opna for styrt trafikkavvikling måndag.

Publisert 19.04.2017 kl. 11.38.

- Arbeidet med å reparera Fjærlandstunnelen etter brannen er i full gang. Går ting slik me håper, blir det styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen frå måndag. Då kan det bli opptil tre timars ventetid, og me vil sleppa kolonne gjennom til oppsette tider. Dette kjem me tilbake med meir info om mot slutten av veka, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.
 
I tunnelen føregår det no fjellreinsk med spett og gravemaskin, og ein er i gang med å demontera øydelagt sikringsnett i taket. Spylebilar skal snart inn, slik at det blir vask av tunnelen parallelt med fjellsikringa, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.
 
Fjærlandstunnelen har i dag ikkje DAB eller naudnett. Det vart juni i fjor vedteke at slikt utstyr skal installerast i tunnelen, når den står for tur for oppgradering i 2020-21.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Sogndal

Siste saker Gå til framsida