Blir ikkje Brann-spelar

Gilbert Koomson blir ikkje Brann-spelar.

Publisert 20.12.2017 kl. 18.49. Oppdatert kl. 19.37.

Sogndal-spelar Gilbert Koomson har imponert fleire klubbar med sin fart, og lite tyder på at han tek heisen ned i 1. divisjon i lag med Eirik Bakke og co. Tidlegare i månaden melde BA at Koomson var høgaktuell for dei raude frå Bergen, men no er desse planane parkerte.  


Det stadfestar Rune Soltvedt, som er sportssjef i Brann. 


- Me har sagt til Sogndal at me ikkje kjem til å koma i mål med ein avtale, seier Soltvedt til BT.


 


Les meir om: Nyhende Sogndal Fotball

Siste saker Gå til framsida