Bil rulla rundt på Vikafjellet

Ein bil har køyrt av vegen på riksveg 13 over Vikafjellet.

Publisert 26.10.2017 kl. 23.09.

Klokka 22.07 torsdag kom det melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Skjelingen på Vikafjellet.


Bilen hadde rulla rundt, og føraren, som var åleine i bilen, melde sjølv frå om trafikkuhellet, opplyser politiet.


Naudetatane vart sende til staden.


Les meir om: Nyhende Notis Vik Trafikk

Siste saker Gå til framsida