Bil har køyrt i grøfta på rv. 5

Publisert 18.12.2017 kl. 11.17.

Politiet fekk klokka 10.33 måndag melding om eit trafikkuhell mellom Sogndal og Kaupanger.


- Det vart meldt om ein bil i grøfta ved Helgheimsvegen. Politiet er på staden saman med ambulanse. Det er ikkje meldt om personskadar, og me har kontakt med bilføraren, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i politiet.


Han fortel at det er rekvirert bergingsbil.


Samsonsen seier at dei ikkje har fått melding om at det er glatt på staden, men at han ikkje ser vekk frå at det kan vera tilfelle.


Siste saker Gå til framsida