VEKST: - Me hadde ein fin vekst på hausten med både turistar og formidlingsopplegg, men me har eit potensial for å auka besøkstalet i sommarsesongen, seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge. (Arkivfoto/Sigrid Nese)

Beste besøkstalet på fem år for musea

Musea i Sogn og Fjordane hadde fem prosent fleire besøkjande i 2017 enn året før.

Publisert 23.01.2018 kl. 14.51.

Besøkstal for Musea i Sogn og Fjordane 2017:

Kystmuseet i Sogn og Fjordane: 7.949 (Endring frå 2016: 27 prosent)
Norsk kvernsteinsenter: 3.243 (Endring frå 2016: 39 prosent)
Norsk reiselivsmuseum: 5.881 (Endring frå 2016: 7 prosent)
DHS-Sogn folkesmuseum: 18.036 (Endring frå 2016: 1 prosent)
Sunnfjord museum: 8.034 (Endring frå 2016: 1 prosent)
Sogn og Fjordane kunstmuseum: 6.926 (Endring frå 2016: -2 prosent)
Astruptunet: 4.793 (Endring frå 2016: 6 prosent)
Eikaasgalleriet: 1.866 (Endring frå 2016: 7 prosent)
Anders Svor museum: 774 (Endring frå 2016: 58 prosent)
Sogn kunstsenter: 511 (Endring frå 2016: -4 prosent)
Nordfjord folkemuseum: 8.817 (Endring frå 2016: -8 prosent)

Dette gjev eit samla besøkstal på 66.830, noko som er ein auke på 3.016 besøkande frå året før.

- Me har ikkje hatt så gode besøkstal i musea sidan før 2012, noko som me er godt nøgde med. Når me i tillegg har aukande grad av tilfredse besøkande, er dette særs gledeleg. Me hadde ein fin vekst på hausten med både turistar og formidlingsopplegg, men me har eit potensiale for å auka besøkstalet i sommarsesongen, seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge.


Tidskapselen

Ein del av auken kjem frå samarbeidet med Den kulturelle skulesekken om «Tidskapselen», der 1.600 elevar i 9. klasse har besøkt musea i fylket i løpet av skuleåret 2017/2018, går det fram av ei pressemelding.

- Mange har alt vore innom oss, men det gjenstår ein del besøk for vårsesongen 2018. Musea i Sogn og Fjordane sett stor pris på at me er ein del av DKS-opplegget, og me har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Seanse om tilbodet.


Skuldersesongar

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum hadde ein god sesong i 2016, og tangerer om lag tala i 2017.

- Museet hadde ein god skuldersesong både i vår og haust. Dei har hatt i tillegg hatt godt besøk frå skulane i Sogn.

Norsk Reiselivsmuseum har ein auke på 7 prosent, og ein ser at det er stadig fleire nøgde gjester når ein ser på responsen i gjestebøker på nett, vert det opplyst i ei pressemelding.

- Me jobbar no aktivt i lag med Visit Sognefjord for å laga opplegg for turistane tilpassa skuldersesongen på Reiselivsmuseet og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, opplyser Berge.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hatt ei auke på 27 prosent. 

Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad har vist positiv utvikling over fleire år, og hadde i år ein auke på 40 prosent.

- Her har me hatt auka aktivitet med fleire arrangement enn tidligare år og generelt auka besøk.

Sunnfjord Museum har hatt utstilling med «Kvardagsfolk» av Maja Birkeland i sommar, og utstilling av «Pepparkakebygda» før jul, og mange formidlingsopplegg. Dei har besøkstal på same nivå som i 2016, går det fram av pressemeldinga.

Nordfjord Folkemuseum har hatt ein liten nedgang i samla besøkstal, grunna vakanse i formidlarstillinga fyrste semester. 


Kunst

Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde har ved årsslutt om lag same besøkstal som i 2016. I tillegg er det 700-800 personar som har besøkt Byløa til Maja Birkeland.

- Etter eit hektisk første halvår med mykje aktivitet har hausten vore rolegare her.

Astruptunet held fram med veksten i 2017, her ser dei framleis effekten av den internasjonale Astruplanseringa i 2016.

Sogn Kunstsenter i Lærdal har ein nedgang frå 2016.

- Det er for lite besøk i høve til potensialet for Hans Gjesme-utstillinga.

Les òg: Publikum svikar Sogn Kunstsenter

Eikaasgalleriet har hatt den godt mottekne utstillinga «Med skjemt og vet», besøkstala har ein liten auke frå 2016.

Anders Svor Museum har ei god auke i besøkstala samanlikna med 2016, men det er framleis potensiale for å auke besøket til museet, meiner Berge.

- Sjølv om me er opptekne av å lukkast med besøksvekst ved alle kunstmusea våre, er me samla sett nøgde med utviklinga for musea.


Museumspass

For at musea skal klara å henta ut meir av veksten som i er i reiselivet i fylket, lanserer Musea i Sogn og Fjordane eit museumspass for sesongen 2018.


- Ved å kjøpa museumspasset vil ein få fri inngang til alle musea våre ein gong i kalenderåret. 2018-sesongen er eit prøveår for dette produktet, og me er spente på mottakinga.


Siste saker Gå til framsida