OPEN: Det er berre E16 over Filefjell som er open for fri ferdsle av fjellovergangane ut og inn av fylket i morgontimane måndag.(Webkamera: Statens vegevesen)

Berre E16 over Filefjell er open

Det er i morgontimane måndag berre E16 over Filefjell som er open for fri ferdsle.

Publisert 15.01.2018 kl. 06.12. Oppdatert kl. 10.39.

Det var minus seks grader og frisk bris over fjellet måndag morgon.


Både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesvegane 50 Åurland-Hol og 53 Årdal-Tyin er stengde på grunn av uvêr i fjellet.


Like før klokka 8 melder vegvesenet at det er opna for kolonnekjøring på fylkesveg 50 Aurland-Hol, men klokka 11 vert det meldt at vegen er stengd grunna uvêr.


Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var det måndag morgon stengd for bilar med ei totalvekt på under 7,5 tonn, og kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Klokka 10.35 melder vegvesenet at vegen er heilt stengd grunna uvêr.


Det er venta at uvêret som sler inn for full tyngde over Sør-Noreg vil avta ut over kvelden måndag.


Oppdatert lokal vêrmelding får Statens vegvesen finn du her


Siste saker Gå til framsida