Berga seg ut av brennande bil

Publisert 16.02.2017 kl. 20.30. Oppdatert kl. 20.34.

Klokka 19.03 torsdag fekk politiet melding om at ein bilbrann ved Stølsnes på fylkesveg 241. Det er ikkje meldt om personskade.


Førar melde sjølv om hendinga, og då brannvesenet kom til staden seinare var bilen så godt som oppbrunnen.


- Føraren fortel at han plutseleg kjende svilukt, og plutseleg stod det flammar ut av fronten på bilen. Han kom seg ut før det vart noko drama for hans del, seier Kai Henning Myklebust ved politiets operasjonssentral.


 


Les meir om: Nyhende Aurland Notis Politi