Bakevinnaren er kåra

Etter fem veker med intens baking på sognavis.no, får du endeleg svaret på kven som er dei beste til å baka. I denne videoen får du sjå juryen, som består av Jan Inge Fardal og Åse Kongsvik, smaka seg gjennom alle julekakene.

Publisert 24.12.2016 kl. 10.00.

- Dette er ein god, profesjonell og uavhengig jury, seier programleiar Helge Slinde. 


- Åse Kongsvik har skrive kokebok og kan baka i blinde, Jan Inge Fardal har skrive Sogn Avis og kan smaka i blinde, seier han.


Fem lag

Kva som smakar best av dei brune pinnane til Henning Rivedal og Jens Brekke, peparkakene til Sarah Fiskaa Haugen og Eirik Bergum Skaasheim, berlinerkransane til Tarun Midje Hjelle og Johanne Gjesdal Mo, havrekakene til Anneli Finsrud Nesteng og Marie-Helene Hollevik Brandsdal og kakemennene til Mahatma Otoo og Gilbert Koomson, er det juryen som bestemmer.


Har du gått glipp av nokre av episodane eller vil du koma i julestemning ved å sjå favorittepisoden din ein gong til? Alle episodane finn du her:


Henning Rivedal og Jens Brekke bakar brune pinnar


Sarah Fiskaa Haugen og Eirik Bergum Skaasheim bakar peparkaker


Tarun Midje Hjelle og Johanne Gjesdal Mo bakar berlinerkransar


Anneli Finsrud Nesteng og Marie-Helene Hollevik Brandsdal bakar havrekaker


Mahatma Otoo og Gilbert Koomson bakar kakemenn


- Slankejul

Konsistens, smak, utsjånad og kreativitet vert vurdert av juryen.


I døminga vert baksten og bakinga omtala som "ikkje verst", "forbløffande tam", "slankejul", "fint steikt", "kraftig og skrikande", "slankekost" og "desse har gløymt sukker".


Les meir om: Nyhende Video