MØTTE SANDBERG: Fylkesordførar Jenny Følling møtte statsråd Per Sandberg saman med marin koordinator i fylkeskommunen Lena Søderholm og Erik Osland frå  Osland havbruk i Høyanger. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Bad ministeren endra forskrift

- Forskrifa som hindrar oppdrett av laks og aure på land ved nasjonale laksefjordar er utdatert.

Publisert 11.11.2017 kl. 14.21.

Det seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding, og dette var tema då  Følling møtte fiskeriminister Per Sandberg 10. november.
 
Det er i dag forbode å driva oppdrett av laks og aure i og ved nasjonale laksefjordar, som Sognefjorden. Dette på grunn av verneregimet for slike fjordar.


- Utdatert

Fylkesordføraren meiner forskrifta frå 2009 er utdatert.
- Sidan forskrifta kom har det skjedd ei rivande utvikling i teknologien for å driva oppdrettsanlegg på land. I dag er det faktisk både relevant og ønskeleg å ha større delar av produksjonssyklusen av laks og aure på land, seier Følling.
Fredag 10. november møtte ho fiskeriminister Per Sandberg i Oslo for å fremja problemstillinga.


Bad om endring

Ordninga med nasjonale laksevassdag og -fjordar skal gje villaks og aure eit spesifikt vern mot negative påverknadar frå akvakultur på dei same artane. Hovudutfordringane er særleg lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg.
- Eg oppfattar ikkje at intensjonen med nasjonale laksefjordar var å forby alle landanlegg som ligg ved slike fjordar. Villaksen kan sikrast mot rømming og lakselus ved å sikra avløpsvatnet i landanlegg, og me ønskjer forskrifta skal endrast slik at dette kjem klårt fram, seier fylkesordføraren.
Av pressemeldinga går det fram at fiskeriminister Per Sandberg  vil leggja vekt på å få til eit regelverk som er tilpassa dagens situasjon.


Aktuell problemstilling

Saka med landbaserte oppdrettsanlegg vart nyleg aktualisert då Fylkesmannen i Nordland returnerte ein søknad om landbasert produksjon av matfisk av laks. Fylkesmannen hadde søkt råd hjå Miljødirektoratet, og fekk til svar at søknaden ville vera i strid med verneregimet i nasjonale laksefjordar.
«I Sognefjorden har det kome førespurnad frå Sogndal kommune om å kunna nytta den tidlegare forskingsstasjonen for akvakultur ved høgskulen til eit slikt anlegg. Stasjonen ligg fullt tilrettelagt med vatn og pumper. Også i midtre delar av Sognefjorden finst det næringsutøvarar som kan ha behov for å etablera stamfiskanlegg», skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.


Siste saker Gå til framsida