Avsluttar helikoptersøk

Redningshelikopter har søkt i Jotunheimen etter observasjon av person som ropar og påkallar hjelp.

Publisert 07.07.2018 kl. 19.17. Oppdatert kl. 20.26.

Hovedredningssentralen Sør- Norge melder ved 19.30-tida at eit turfølge på Høvagltindane i Jotunheimen har observert på avstand at ein person påkallar hjelp og ropar. 

- Personen har stått og vinka med noko kvitt, for å få merksemd, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. 

Redningshelikopter frå Florø er sett inn i søk i området, som ligg på grensa mellom Luster og Lom.

- Så langt er det ikkje meldt om funn, men me vurderer om me skal setja inn bakkemannskap, seier Kolltveit. 

Det er ikkje meldt om sakna personar i området. 

Like etter klokka 20 opplyser politiet at søket er avslutta. 

- Helikopteret landa ved ei hytte i området, der var det ikkje nokon som var sakna. I samråd med Hovedredningssentralen avsluttar me søket. Dersom nokon vert meldt sakna, vert det naturleg nok vurdert å starta søket att, seier Kolltveit. 

Les meir om: Nyhende Luster Notis Politi

Siste saker Gå til framsida